Knarvik skulekorps
Knarvik Skulekorps
 • Nytt    • Sesongplan    • Aktivitetar    • Medlemmer    • Foreldreinformasjon    • Dirigentar    • Arkiv    • Styret    • Om korpset    • Sponsorar     • Gjestebok  

 

 

   Om korpset
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 123 556

 

 


Vedtekter for Knarvik skulekorps

§ 1 ORGANISASJON
Knarvik skulekorps, stifta i 1975, er tilslutta Norges Musikkorps Forbund gjennom Hordaland krets.

§ 2 FØREMÅL
Knarvik skulekorps skal:

2.1 MUSIKK
Ivareta og utvikle korpsmusikk gjennom opplæring, motiverande aktivitetar og god organisering. Drive tilleggsaktivitetar som storband, ensemblespel og liknande når det er interesse for det.

2.2 SOSIAL AKTIVITET
Ivareta og utvikle korps- og organisasjonsarbeid som sosial aktivitet for born og ungdom.

2 .3 INFORMASJON
Informere om korpset, krinsen og NMF sine aktivitetar. Fremje forståing for dei kulturelle, sosiale og oppdragande verknader korpset har.

2.4 MUSIKKPOLITIKK
Ivareta korpset sine interesser i det lokale musikk- og kulturliv. Følgje opp dei overordna musikkpolitiske retningslinene krinsen og NMF trekkjer opp.

2.5 ARRANGEMENT
Gje musikantane, instruktørar, dirigentar og tillitsvalde tilbod om kurs. Arrangere og delta på konsertar, stemne/festivalar, konkurransar og andre arrangement.

2.6 UTVIKLINGSARBEID
Utvikle å gjere musikkfagleg og organisasjonsfagleg 0pplæring betre i samarbeid med skoleverket, musikkskulane , krets(NMF sentralt og andre organisasjonar. Ta initiativ til naudsynt organisasjonsmessig utvikling og omstilling og samarbeid med andre korps og musikklivet elles.

§ 3 MEDLEMSKAP

3.1 OPPTAK AV MEDLEMMER
Korpsstyret kan ta opp utøvande så vel som ikkje utøvande medlemmer. Medlemsskap for born som ikkje er fylte 15 år må vere skriftleg godkjend av føresette.

3.2 ORGANISERING AV KORPSET
a) Korpset følgjer dei gjeldande aldersreglane til forbundet. utøvande medlemmer kan stå som medlemmer til 31. juli det året dei fyller 19 år.
b) Utøvande medlemmer i korpset kan bli aspirantar i amatørkorps frå l. august det året dei fyller 15 år. Medlemspliktene i høve til skolekorpset skal oppfyllast i aspiranttida.
c) Korpset vel 1 tillitsvald med varamedlem for 1 år frå korpset sine utøvande medlemmer.

3.3 FØRESETNADER FOR MEDLEMSKAP
a. Korpsmedlemmer må halde korpset, krinsen og NMF sine vedtekter, reglar og lovlege vedtak.
b. Medlemmene skal møte på øvingar, konsertar og andre oppdrag til avtalt tid. I tilfelle fråvær skal dirigent/korpsleiar varslast i god tid på førehand.
c. Instrument, uniform og utstyr skal haldast i god stand. Uforsvarleg handsaming kan medføre økonomisk ansvar for korpsmedlemmer/føresette.
d. Skal ein delta i. andre korps, eller nytte skulekorpset sine eignelutar i andre musikkaktivitetar må dette verte godkjend av styret ved leiar eller materialforvaltar.
e. Medlemmer som ikkje rettar seg etter gyldige vedtekter, reglar og vedtak, eller er til skade for korpset sin aktivitet, kan korpsstyret suspendere for eit visst tidsrom. I grovare høve kan årsmøtet vedta eksklusjon.

3.4 KONTINGENT
Korpsåret med medlemsregistreringar, innrapportering til krins/forbund og kontingentinnbetaling følgjer skuleåret frå 1. august til 31. juli påfølgjande år.
Medlemmene har plikt til å betale kontingent innan fastsett frist kvart år og elles andre økonomiske medlemsplikter til fastsette tider.

3.5 UTMELDINGAR
Medlemmer som ønskjer å melde seg ut, må gje melding om dette til styret for korpset. Ingen bør slutte i løpet av eit korpsår.

§ 4 ÅRSMØTE

4.1 STATUS
Årsmøtet er Knarvik Skulekorps sitt høgaste organ.

4.2 ÅRSMØTEPERIODE, INNKALLING OG SAKER TIL ÅRSMØTET
Ordinært årsmøte vert halde kvart år innan utgongen av februar månad.
Det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte dersom korpsstyret eller 1/3 av medlemmene krev det.
Årsmøte skal kunngjerast 14 dagar før møtet skal haldast, og styret kallar inn medlemmer og inviterer ev. gjestar.
Halvårsmøte ved oppstart av sesongen innen utgangen av sept.

4.3 REPRESENTASJON, RETTAR OG VOTERINGAR
På årsmøtet deltar korpset sine medlemmer og eventuelt gjestar invitert av styret.
Desse har framleggs- og stemmerett:
- Utøvande og ikkje-utøvande medlemmer som er fylte 15 år og som held sine medlemsplikter.
- styremedlemmene har ikkje stemmerett under handsaming av årsmelding og rekneskap.
- Medlemmer som ikkje er fylte 15 år har tale- og framleggsrett. Representantar frå krins og NMF har talerett.
Gyldige vedtak krev absolutt fleirtal (over halvparten av dei avgitte stemmene) dersom ikkje anna går fram av vedtektene.

4.4 DAGSORDEN På ÅRSMØTET
Årsmøtet skal handsame følgjande saker:
• Konstituering
• Opning
• Namneopprop
• Godkjenning av innkalling
• Godkjenning av dagsorden .
• Val av møteleiing
• Val av møtesekretær
• Val av to medlemmer til å skrive under protokollen
• Godkjenning av årsmeldinga
• Godkjenning av avslutta og revidert rekneskap med
revisjonen sine merknader
• Saker fremja av korpsstyret
• Saker fremja av korpsmedlemmene
• Plan, budsjett og fastsetjing av kontingent

Val
a. Val av leiar for eit år
b. Val av styremedlem for to år og 2 varamedlem for eit år
c. Val av ein foreldrerepresentant med varamann
d. Val av 2 revisorar for eit år
e. val av 2 medlemmer til valkomiteen for eit år
f. val av basarkomite
Til verv kan ein velja mellom dei representantane som har møtt fram, eller andre kandidatar som har sagt seg viljuge til å ta på seg verv. Dei som skal veljast, må vere fylte 15 år når dei tiltrer og ha gyldig medlemskap. Vala skal vere skriftlege dersom nokon krev det.

§ 5 STYRET

5.1 SAMANSETJING OG KONSTITUERING
Styret er samansett av leiar og 4 styremedlemmer med 2 varamenn. I tillegg møter ein foreldrerepresentant med varamann og ein representant frå korpset.
I konstituerande styremøte vert fordelt ansvar for faglege og praktiske ansvarsområde til styre og varamedlemane. Kasserar fører rekneskap, medlemslister og står for utbetaling og innkrevjing av kontingent. Materialforvaltar er materialstyrar og fører bok over eignelutane, og held orden i arkiv.
Dirigenten(e) skal kallast inn når det er naudsynt. Han/dei har ikkje stemmerett.

5.2 FULLMAKTER
Styret leiar korpset etter dei vedtak årsmøtet har fatta. Leiar i styret eller den styret gjev fullmakt underteiknar for korpset.
Styret har fullmakt til å oppnemne dei utval og komitear det er trong for.
Styret har fullmakt til å revidere og utforme dei reglar og instruksar det er trong for i samsvar med vedtektene.

5.3 INNKALLING TIL STYREMØTE. VEDTAK
Styret skal kallast inn når leiaren eller tre av styremedlemmene finn det naudsynt.
Tillitsvalde i korpset møter som observatør med tale og forslagsrett.
Styret er vedtaksført når minst 4 medlemmer er til stades. Leiar har dobbeltrøyst når det elles er like mange røyster for og mot eit framlegg.
Styrevedtak skal protokollførast, og styrereferatet skal sendast til medlemmene.

5.4 ÅRSAVSLUTNING
Styret skal arbeide ut årsmelding og avslutte rekneskapen for kvar årsmøteperiode. Årsmelding og revidert rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet til godkjenning.

§ 6 MEDLEMSMØTE
Medlemsmøta skal vere kontaktskapande og gje høve til informasjon og drøfting for medlemmene i korpset. Det vert halde medlemsmøte når styret eller korpset sine medlemmer ynskjer det.

§ 7 OPPTAK OG UTMELDINGAR
Styret i samråd med dirigenten tar opp i korpset elevar frå skulekrinsen. Korpset følgjer NMF sine til ei kvar tid gjeldande aldersreglar.
Nye korpsmedlemmer bør ha note/aspirantkurs.
Innmelding og utmelding skal vere skriftleg og skal vere underteikna både av vedkomande elev og av foreldre/føresette.

§8 ORDENSREGLAR
Medlemmene skal lyda dirigenten og leiaren og syna flid og vilje til å gjere sitt beste.
Medlemmer som let vere å møte på øvingane utan grunn, eller syner dårleg framferd, kan av styret visast bort frå korpset.
Tillitsmann fører bok over frammøtet i samråd med dirigenten. Medlemmer som er borte frå øvingane, skal vise melding om årsaka på neste øving.

§ 9 HEIDERSTEIKN
Aktive medlemmer i korpset skal få ei sølvstjerne for kvart år dei står som medlemmer i korpset. Medlemmer som gjennomfører eit år utan fråver, skal heidrast med ei gullstjerne. utdelinga skal skje i slutten av juni kvart år.
Medlemmer som har vore i korpset i 4 år, får korpset sin diplom.
Medlemmer som har vare i korpset i 6 år, får korpset sin vimpel.
Medlemmer som har vore i korpset lengre enn 6 år, får heidersteikn når dei går av for aldersgrensa.
Styret kan utnemna til æresmedlem den eller dei som i fleire år har arbeidd for korpset på ein måte som er verd påskjøningar.

§ 10 KOMITEAR

10.1 REVISJON
_ Revisjonen skal gå gjennom rekneskapen kvart år og leggje fram beretning for årsmøtet.

10.2 VALKOMITEEN
Valkomiteen skal finna fram til (valbare) kandidat ar til dei ulike tillitsverv (sjå S 4.4) og leggja innstillingane fram for årsmøtet.

§ 11 OPPLØYSING/LOVENDRINGAR
Lovendringar kan berre gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Endringsframlegget skal vera styret i hende minst 8 dagar før årsmøtet vert halde.
Korpset kan berre oppløysast av årsmøtet, og det skal vere 2/3 fleirtal (av medlemstalet)
Korpset sine eignelutar skal då samlast inn, og styret skal ta avgjerd om kva som vidare skal gjerast, eller dei skal ha ansvaret for instrumenta og eignelutane til korpset kjem i gang att.
Ved utmelding av krins og forbund må det gjerast vedtak på to påfølgjande årsmøte med minst ein månads mellom rom. Gyldig vedtak krev 2/3 fleirtal.

§12 ENDRING AV VEDTEKTENE
Årsmøtet kan endre desse vedtektene med 2/3 fleirtal.


DESSE VEDTEKTENE GJELD FRA 28.SEPTEMBER 2010
Revidert på årsmøte 28. sept. 2010

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Kontakt: Randi T. Hella - randitraeland.hella(a)lindas.kommune.no